Alt du treng å vite om ASICS Sentrumsløpet

Fest: Det er halve gleda å springe gjennom Oslo sine gater saman med andre. (Foto: Samuel Hafshal)
Her har vi samla all deltakarinformasjon i samband med ASICS Sentrumsløpet. Det kan komme endringar opp mot den store dagen, så følg med på våre nettsider for oppdatert informasjon.
Mat
Kiwi serverer bananar & annan snacks etter målgang.
AfterRun hos Kaffistova med mat og drikke.
Drikkestasjonar
Det er drikkestasjon på Karl Johan til før start og etter mål (10 km og 5 km).
Vi har og drikkestasjon ved Christiania Torv (10 km og 5 km).
For 10 km er det i tillegg drikkestasjon i Bygdøy Allé ved Hydroparken, etter ca. 6 km.
Her blir det servert både sportsdrikk og vatn.
Toalett
Du finn oversikt over kvar vi har plassert toaletta på løypekartet.
Klesoppbevaring
Klesoppbevaringa finn du i Universitetsgata.
Du blir her møtt med eit stort telt. Inne i teltet er det båsar fordelte på startnummer. Det vil vere sjølvbetening og oppbevaring på eige ansvar, men vi vil ha vaktar til stades.
Bruk startnummeret ditt når du skal levere bagasjen din.
-> Lever bagasjen med bagasjelapp i merket «bås».
—>Bruk startnummeret ditt når du skal hente bagasjen.
Prøv gjerne å ha så liten sekk/bag som mogleg.
Det er til tider kø i klesoppbevaringa. Har du en venn som kan passe på tinga dine mens du spring, vil du få den raskare tilbake igjen.
Namn på startnummeret
Startnummera blir trykka når du hentar startnummeret, og dersom du ynskjer namnet ditt på startnummeret, må du difor ha registrert namn ved påmelding / legge inn deltakarinformasjon på MI SIDE før du hentar startnummeret ditt. Brukarnamn og passord skal du ha fått i stadfestinga du fekk ved påmelding
T-skjorte
Alle deltakarar som ved registrering av deltakardata har vald å motta T-skjorte, vil få den offisielle T-skjorta til ASICS Sentrumsløpet 2025. Vi kan ikkje garantere at alle får den storleiken dei ønskjer, men gjer sjølvsagt vårt beste for at flest mogeleg får den T-skjortestorleiken dei har oppgitt.
Komme seg til ASICS Sentrumsløpet
Vi anbefaler at du bruker kollektiv transport for å kome deg til ASICS Sentrumsløpet, så framt det lèt seg gjere.
Buss og trikk blir påverka av Sentrumsløpet, medan t-bana går som normalt heile dagen. Sjekk ruter.no sin reiseplanleggar for meir informasjon.
Premiering
Dei tre beste totalt på 5 km og 10 km for begge kjønn får 6000, 4000 og 2000 kroner.
Premiar frå ASICS til alle klassevinnarar i høve til klasseinndeling. Premien hentar du i Expo/startnummerutdeling der du viser til resultatlista.
Fartshaldarar
Vi har fartshaldarar/harar på 10-kilometeren. Dei spring på 40, 45, 50, 55 og 60 minutt.
I 2025 vil vi også ha fartshaldarar/harar på 5-kilometeren. Dei spring på 20, 25 og 30 minutt.
AfterRun
Etter målgang kan du besøke Kaffistova for AfterRun. Her kan du kjøpe burgar (kjøtt, kylling, vegetar), pizza eller cæsarsalat og drikke etter løpet.
For bestilling av bord ta kontakt med leiarkaffistova@bondeheimen.com.
Seeding for 10 km
Om du forventar å springe fortare enn 31 minuttar for menn eller 35 minuttar for kvinner, kan du bli seeda. Førespurnad om seeding kan sendast til sentrumslopet@bul.no.
Ledsagar
Viss du har behov for ledsagar, kan du sende ein e-post til sentrumslopet@bul.no. Vi ønskjer å best mogleg legge til rette for at alle skal kunne delta på ASICS Sentrumsløpet og ledsagarar får sjølvsagt gratis start.
Tidsskjema 2025
13:30: Sentrumsløpet for barn
15:30: ASICS Sentrumsløpet 10 kilometer
17:30: ASICS Sentrumsløpet 5 kilometer
Startnummerutdeling
Stad: Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8:
Opningstider
Tysdag 22. april – kl. 16:00 – 20:00
Onsdag 23. april – kl. 16:00 – 20:00
Torsdag 24. april – kl. 10:30 – 20:00
Fredag 25. april – kl. 10:30 – 20:00
Laurdag 26. april – opent frå kl. 10:30
Du får ein QR-kode på e-post og SMS (registrer tlf.nr. på Mi side) tysdags morgon 22. april. Du viser fram QR-koden for å hente startnummeret.
Andre kan hente startnummeret for deg så lenge dei har med QR-koden. Er du del av eit bedriftslag og vil hente for heile laget, treng du berre din eigen QR-kode. Avtal med lagleiar om de hentar samla eller kvar for dykk.