SPRING FOR ASICS FRONTRUNNERS
Janne insisterer på å kose seg under heile løpet

Leiar: Janne Rossebø er leiar for den norske gruppa ASICS FrontRunners. Til saman er dei 17 ambassadørar som testar utstyr og framsnakkar utstyrsleverandøren i Noreg, og 700 internasjonalt. (Foto: Adrian Alvarez)
I haust fekk ho påvist betennelse i plantarsena under den eine foten. Likevel vil ikkje Janne Rossebø sitte heime under ASICS Sentrumsløpet. Ho deltek, men vil springe i sitt eige tempo.
Av Marianne Røhme, Kondis
Det er ikkje berre fotskaden som har vore plagsam for Janne. Ho har også slite med utbrentheit. Ho har difor ikkje hatt noko vanleg treningsopplegg fram mot løpet.
– Eg har trena ein del styrke og gjort rehabiliteringsøvingar. I tillegg har eg sprunge mange små og rolege turar for å halde springinga i gang. Eg har også gått fast til osteopat, seier Janne.
God stemning
Sjølv om ho ikkje er i den forma ho gjerne skulle vore, vil ho likevel glede seg undervegs.
– Eg skal løfte blikket, få med meg den gode stemninga og glede meg over å få dele dagen med så mange andre likesinna, seier ho.
Starta med fotball
Janne har sprunge heile livet, men i starten sprang ho mest etter ein ball på fotballbanen.
– Eg har aldri vore rask. På skulen var difor springegleda fråverande då vi sprang 60-meter eller hadde coopertest. Men eg har alltid likt å gå i fjellet, gjerne i fleire dagar, seier ho og legg til at det var fyrst då ho som personleg trenar utfordra gruppa si til at dei skulle melde seg på eit hinderløp, at ho fann attende til springegleda i vaksen alder.
– Det å vere med i hinderløpet saman med andre ga oss ei stor oppleving av meistring og teamfølelse. Etter dette vart det til at eg sprang meir og meir. Det vart springing i terrenget og lange ultraløp. Eg elskar å skape mine eigne springeeventyr med sekk. Då kan eg vere ute i fleire dagar med telt og primus i sekken, seier ho.
Janne tar også kortare turar på asfalt, men det er i terrenget ho trivst best.
– Den mentale effekten dette gir i kvardagen er viktig for meg. Det er min meditasjon, seier ho.
Oppteken av fellesskap
Janne sett stor pris på å få vere ein av ASICS sine FrontRunnere i Noreg.
– Dette er eit fellesskap av likesinna, vener for livet. Det gir oss også moglegheit til å reise på samlingar og treningsleirar. ASICS FrontRunners er oppteken av mangfald, og det er utruleg spanande å treffe så mange ulike menneske med ulik bakgrunn, historie, kultur og tradisjonar både nasjonalt og internasjonalt, seier ho.
Janne fortel at ASICS er eit akronym for Anima Sana in Corpore Sano, som betyr ei sunn sjel i ein sunn lekam, og at det er denne filosofien som gjennomsyrar alt det ASICS FrontRunners står for som ambassadørar.
– Vi mottek sko og klede to gonger i året. Dette testar vi ut, gjev tilbakemelding på og reklamerer for. Ut over det er vi i det norske laget som ein stor familie busett over heile landet. Vi snakkar saman i sosiale kanalar om både springing, jobb og familie, seier ho.
Ulike treff
ASICS har eit norsk treff i året for frontrunnerne sine.
– I år skal vi til Rallarvegen saman. Til hausten har vi eit nordisk treff, og i tillegg har vi eit internasjonalt treff. I år var det under Sevilla Maraton i februar. I tillegg har vi ei vekes treningsleir. Desse treffa er heilt magiske. Det er 80-120 internasjonale ASICS FrontRunners som får vere med på dei internasjonale treffa, seier Janne.
Slik førebygger Janne skadar
I tillegg til utbrentheit og betennelse i plantarsena har Janne slitt med adenomyose som gir muskelsmerter og kraftige menstruasjonsblødingar.
– Adenomyose er ikkje springerelatert, men det har gitt meg ein del muskelspenningar og skeivheiter som har innverka på resten av kroppen. Adeomyosen blir ofte trigga av springinga, seier ho.
For å førebyggje skadar, er Janne nøye med å tøye etter springturane. Ho trener også styrke, og brukar ball og foamroller jamleg.
– Om eg ikkje klarer å ta tak i tinga sjølv, går eg til min faste osteopat, seier ho.
På spørsmålet om kva som er det beste med springinga, svarer ho:
– Fridommen, den mental boosten og gleda over å vere ute og treffe så mange fine folk!