Skip to main content

Smånytt

Spreke tilsette: Heile 21 av dei tilsette hos Hotell Bondeheimen stiller til start i Sentrumsløpet i år. Her er eit bilete av fjorårets deltakarar. (Foto: Bondeheimen)

Bondeheimen stiller med fleire deltakarar

SPRING BEGGE DISTANSANE: I år nærmar Bondeheimen seg ei deltaking på 33 prosent av dei tilsette når 21 personar stiller til start i ASICS Sentrumsløpet.

– Vi deltek på både 5- og 10-kilometeren. Det viktigaste er at folk deltek, og at vi har ein sosial samankomst etter løpet, seier hotelldirektør Bjarte Lunde.

Mange har også personlege mål om å gjere det betre enn i 2024.

– Det er òg nokon som har interne konkurransar seg imellom. Nokon har vore med i springegrupper for å lære teknikk og ha ei god opplading til løpet. Så for somme er dette veldig seriøst, seier han.

Hotell Bondeheimen er ikkje berre oppteken av å springe.

– En av våre tilsette var også med på å designe

Inviterer til AfterRun

STOR PÅGANG: I år som tidlegare år inviterer Hotell Bondeheimen til AfterRun på Kaffistova med mat, drikke og musikk.

Det vart fullbooka i 2024, men det er enno nokre plassar ledige i skrivande stund. Her er det først til mølla som gjeld.

36 kvinner sprang 10-kilometeren på under 40 minutt i fjor.

Sunn og sprek: Relativ høg kroppsmasseindeks treng ikkje å skade så lenge ein held seg i god trim. (Foto: iStockphoto)

Fysisk form viktigare enn vekt

«FIT FAT»: Høg kroppsmasseindeks (KMI) gir høgare risiko for hjarte- og karsjukdommar, men risikoen er langt mindre om du er overvektig og samtidig godt trena.

Ei metaundersøking som nyleg vart publisert i British Journal og Sport Medicine, har sett på samanhengen mellom overvekt, kondisjon, hjarte- og karsjukdommar og død.

Konklusjonen i dei 20 studiane som var med i samlestudien, var at god kondisjon (høgt maksimalt oksygenopptak) påverkar dødelegheita langt meir enn kroppsmasseindeksen. Overvektige i god form hadde ingen statistisk signifikant auke i førekomsten av hjarte- og karsjukdom eller død samanlikna med normalvektige i god fysisk form.

Samstundes hadde overvektige som var i dårleg fysisk form, to til tre gongar auka risiko for hjarte- og karsjukdommar og død samanlikna med normalvektige.

Det kan med andre ord sjå ut til at det er langt viktigare å kome seg i trening enn å gå ned i vekt om ein ønsker å unngå sjukdom og tidleg død.

Velkomen: NaprapatGruppen ønsker deg velkomen innom standen dei skal ha i målområdet. (Foto: NaprapatGruppen)

NaprapatGruppen skal ha stand

VINN GRATIS BEHANDLING: NaprapatGruppen Fornebu og Asker Sportsklinikk kjem for å ha stand rett etter målområdet, og dei oppfordrar alle til å komme innom. Der kjem dei til å ha konkurranse der premien er ei gratis naprapatbehandling, dei har «give aways» og har med ultralydapparatet om noko må undersøkast. Så stikk gjerne innom dersom det er noko du lurer på eller berre vil slå av ein hyggeleg prat. Nokre av dei tilsette i NaprapatGruppen har delteke i ASICS Sentrumsløpet tidlegare, og dei har absolutt tider dei skulle ha forbetra, men det får dei ta igjen eit anna år. Kom innom!


1644 deltakarar sprang ASICS Sentrumsløpet sin 5-kilometer i fjor.

Grøne trøyer: Det er lett å sjå når nokon frå KIWI kjem springande i sine knallgrøne T-skjorter. Her ser vi Mohammed som representerte daglegvarekjeda i fjorårets konkurranse. (Foto: Samuel Hafsahl)

400 deltakarar frå KIWI

FRÅ HEILE LANDET: Det kjem deltakarar frå heile landet for å representere KIWI i Sentrumsløpet.

– Dei fordeler seg med omtrent halvparten på kvar av distansane. Det er morosamt at vi klarer å samle så mange til å vere med på denne springefesten. Nokre butikkar kjem med mange deltakarar, mens andre har færre. Det viktigaste for oss er at folk vil vere med, seier regionssjef Tore Hartmann i KIWI.

Etter løpet samlast gjengen på Brygg i Oslo for afterrun.

Vanskelegare med åra

Kom i gang: Vil ein ha glede av ein sprek og aktiv alderdom, er det lurt å vere sprek og aktiv før alderdommen melder seg. (Foto: iStockphoto)

IKKJE VENT: «Vänta inte med att sjunga tills du blir gammal, för i så fall så kan det hända sig at du dör, förrän du sjungit en enda sång», heiter det i ei svensk folkevise.

Godt mogleg kan «sjunga» bytast ut med «springa». Om ein vil ha ein aktiv og sprek alderdom, er det iallfall lurt å ikkje vente med å starte å trene til ein blir gamal.

Ein ny studie publisert i Aging Cell tek utgangspunkt i at dei motoriske nevrona blir svekka med alderen. Motoriske nevron er nerveceller som styrer kroppen si rørsle. Tapet av desse cellene er irreversibelt, og forskarane meiner dei startar å forsvinne i 60-åra.  

– Det er viktig å tenkje på dette før dersom ein ikkje berre ønsker ei sunn aldring, men òg ei  optimal aldring, for da bør ein starte med fysisk aktivitet før ein har mist for mange av de motoriske nevrona, seier Casper Søndenbroe, som er forskar ved Institutt for idrettsmedisin ved Bispebjerg Hospital, til Berlingske Tidende.

Ved å trena utsett ein tapet av dei motoriske nevrona, og sjølv om ein vil ha effekt av trening uansett kor gamal ein har blitt, er tipset frå forskaren klart:

– Om nokon går heim og er mest opptatt av karriere og born, og difor venter med trening til dei blir gamle, er nok det ein feil taktikk.


Mølleøkter: Fresh Fitness har hatt fleire økter på mølle gjennom vinteren for å førebu deltakarane på ASICS Sentrumsløpet siste helga i april.

Fresh Fitness stiller med 60 deltakarar

NATURLIG SAMARBEID: For Fresh Fitness var det eit naturlig val å skulle samarbeide med Sentrumsløpet. Siste helga i april stiller dei med heile 60 deltakarar i løpet. I tillegg er det fleire som vil kome og heie.

– Det er fleire i Fresh Fitness er godt over middels interessert i springing. I fjor sprang vi Oslo Maraton, i år blir det Sentrumsløpet, seier marknadsansvarleg Martine Sanne-Skaget, og legg til at dei har trena med dette som mål i lang tid.

– Vi har hatt både mølleøkter og gjennomspinging av løypa. Vi er derfor godt førebudd på det som møter oss, seiser ho.

Etter løpet dreg deg til Carls på Carl Berner. Der blir det underhaldning og premieutdeling.