Sentrumsløpet for barn

Populært: Sentrumsløpet for barn er eit populært tiltak som aktiviserer svært mange barn kvart år. (Foto: Samuel Hafsahl)
I år håpar arrangøren på over 1000 påmelde til Sentrumsløpet for barn.
Av ASICS Sentrumsløpet
Under ASICS Sentrumsløpet 26. april kan heile familien få vere i aktivitet! Dei mellom 3 og 11 år kan delta på Sentrumsløpet for barn, medan dei vaksne kan velje mellom 5 og 10 km i ASICS Sentrumsløpet.
Dagen startar med aktivitetar for ungar frå kl. 12.30 i Spikersuppa. Der stiller Idrottslaget i BUL, Right to Play, Paradox Museum og Zuccarellostiftelsen med aktivitetar for barn både før og etter løpet. Kiwi stiller med snacks og bananar.
Møt opp ved startstreken midt på Universitetsplassen litt før start. Startstreken er synleg med raude bannera og beach-flagg som er merka med IL i BUL.

Den første gruppa startar 13.30 og dei påfølgjande gruppene få minutt etter. Barna stiller i fire aldersklassar: 3–4 år, 5-6 år 6–7 år og 9–11 år og vi startar med dei yngste. Løypa er om lag 600 meter for dei yngste og litt lenger for dei eldste: Dei yngste spring rundt Spikersuppa, medan dei litt eldre får ei ekstra sløyfe opp Karl Johan langs Stortinget. Dei som ynskjer å springe med foreldre, får sjølvsagt lov til det.
Alle får medalje når dei kryssar målstreken. Vi tar ikkje tida, her fokuserer vi på aktivitetsglede!
Dersom det også er foreldre som skal delta på 10 km eller 5 km har de tid til å sette dykk på ein kafé eller restaurant i mellomtida. Vi kan t.d. anbefale Kaffistova som er ein barnevenleg plass med god mat og drikke.
Allereie i 1987 blei det første barneløpet arrangert og deltakartalet har vore varierande. I 1994 var det over 2000 barn som sprang og dette er truleg rekorden. Det siste tiåret har det vore mellom 250 og 600. I 2024 var det 985 påmelde, og vi satsar på å sette rekord for IL i BUL som arrangør med over 1000 barn i år. Vi ser at det er interesse for løpet og vil gjerne ha mange deltakarar, men dersom deltakartalet aukar dei neste åra, legg vi kanskje opp løpet på ein annan måte – det er viktig for oss at dette er eit trygt og fint arrangement som ikkje blir overveldande for barna som deltar.
T-skjorta i år er raud med gul skrift. Dette er fargane til arrangørklubben IL i BUL. Barneløpet har ein eigen logo som er på t-skjorta, i tillegg til BUL-logoen. T-skjortene er i storleikane 104, 116, 128, 152 og 164. Vi kan ikkje garantere at du får rett storleik, men vi skal sjølvsagt prøve.

Til medaljen plar vi å velje eit bilete frå fjorårets løp. Denne gongen er det eit bilde av ei jente som stolt viser fram medaljen. Baksida er pryda av logoen til BUL.
Det kostar kr. 250 å delta og då er t-skjorte og medalje inkludert. Startnummer og t-skjorte til Sentrumsløpet for barn hentar du på same stad som andre startnummer: I Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8. Vi anbefaler at de kjem innom tysdag eller onsdag (16.00–20.00), torsdag eller fredag (10.30–20.00) då vi ventar kø på løpsdagen. Men dersom du vil kome innom 26. april, opnar vi kl. 10.30.
Merk: Tidspunkt og andre detaljar kan ha endra seg etter denne artikkelen blei skrive. Sjekk heimesida vår for oppdatert informasjon.