Skip to main content

VELKOMEN

Ventar ny deltakarrekord i ASICS Sentrumsløpet

Velkomen: Arrangementsansvarleg for Sentrumsløpet, Simen Wifstad, ønsker alle hjarteleg velkomen til arrangementet den 26. april. (Foto: IL Bul)

I fjor sette dei rekord og enda opp med 12 930 deltakarar. I år ventar dei at om lag 17 500 vil stille til start på distansane i ASICS Sentrumsløpet.

Av Marianne Røhme, Kondis

Sjølv om løpa vert stadig meir populære, lovar arrangøren at det skal vere medaljar nok til alle.

– I fjor stengte vi påmeldinga dagen før fordi vi ikkje hadde fleire medaljar. Ettersom medaljen er viktig for mange, må vi ha nok til alle. Ingen skal springe i mål utan å få ein medalje rundt halsen, seier Simen Wifstad som er arrangementsansvarleg for løpet.

Meir underhaldning

Det å bli heia fram av ivrige publikummarar og å sjå på all underhaldninga rundt i løypa, er omtrent like artig som å få medalje rundt halsen når ein kjem i mål. Det er difor med stor glede at Simen kan melde om at det vert enda meir underhaldning undervegs.

– Vi har fleire underhaldningspunkt og minst to fleire enn tidlegare, seier han.

Endra litt på løypa

For å kunne ta imot fleire deltakarar, har dei flytta starten på 10-kilometeren 100 meter lenger fram i startområdet.

– For å kompensera for dette, har vi utvida løypa litt i Frognerparken, men bortsett frå det, er løypa lik tidlegare år, seier Simen.

Framleis vil det vere mest stigning dei første fire kilometerane.

– Eg vil råde alle til å ikkje ta ut alt i starten. Når du kjem opp til Frognerparken etter fire kilometer, er du på løypa sitt høgaste punkt. Då kan du starte med å auke farten gradvis ned mot sentrum og målområdet. Ikkje auk for mykje for tidleg. Det er framleis langt igjen til mål, og du treng litt krefter til den siste spurten også, seier han.

Godsaker i mål

Når du kjem i mål, blir det medalje og servering av bananar og drikke. I tillegg vil både fysioterapeutar og kiropraktorar frå Behandlerverket og naprapatar frå NaprapatGruppen vere til stades for å gi råd og kanskje kan du også få litt behandling.

– Her vil også ASICS ha stand der deltakarar og besøkande kan prøve sko på tredemølle, samstundes som dei får gode råd ved kjøp, seier Simen.

Han understrek at ASICS Sentrumsløpet vil vere ein gedigen fest for alle som er interessert i å springe.

– Vi kan sjå at vi er inne i ei løpebølgje. Deltakinga har auka spesielt blant dei under 30 år. I tillegg er det fleire kvinner som er påmeldt i år samanlikna med tidlegare år. Sidan i fjor har kvinnedelen auka med tre prosenteiningar. Framleis er det flest menn, men kvinnene er på sterk frammarsj, seier Simen og ønsker alle ein fin dag den 26. april.

– Eg håper alle vil kose seg mykje, seier han.