Skip to main content

Har sprunge alle 40 gongane i Sentrumsløpet

Eirik Tørstad meldte seg på ganske så tilfeldig

Sentrumsløpet 2014: F.v.: Eivind, Vegard og pappa Eirik Tørstad stiller gjerne til start i Sentrumsløpet saman med mamma Elisabeth Tørstad. (Foto: Elisabeth Tørstad)

Våren 1981 kom Eirik Tørstad med nattoget inn til Vestbanen i Oslo etter å ha delteke i NM terrengløp i Mandal. Då såg han at Sentrumsløpet skulle arrangerast i byen dagen etter. Det ville han vere med på.

Av Marianne Røhme

Då Eirik kom heim, sykla han like godt ned til byen for å melde seg på. Den gongen var han 19 år og glad i å springe konkurransar.

– Etter dette fyrste løpet har eg sprunge kvart år. Eg synest framleis at det er morosamt å konkurrere sjølv om det no går litt saktare, seier han.

Frå 2010 til 2013 budde Eirik og kona i USA, men òg dei åra fann Eirik plass for å vere med på Sentrumsløpet.

– Eg var ikkje så ofte heime i Noreg, men eg passa på så eg fekk meg ein tur kvar vår akkurat då Sentrumsløpet skulle vere. Eg klarte difor å halde deltakinga ved like sjølv om eg budde utanlands, fortel han.

Sjukdom har ikkje stoppa han

Det skal godt gjerast å klare å halde seg frisk kvart år gjennom 40 år. Det har heller ikkje Eirik klart.

– Eg har sprunge med både kink i ryggen, vondt kne, og ein nyoperert nasekanal. Den svakaste prestasjonen hadde eg i fjor. Då var det eine kneet vondt, og eg måtte bruke 1.02 på dei 10 kilometerane, seier Eirik som har ei bestetid i Sentrumsløpet på rett over 38 minutt.

Ein fin start på sesongen

Eirik har ingen andre løpsarrangement som han stiller til start i kvart år, men han synest det å vere med i Sentrumsløpet er ein fin start på sesongen.

– Sentrumsløpet er ein fyrste test for å sjå korleis forma er i starten av sesongen, seier den nå 60 år gamle løparen som har som mål å springe på rett under 50 minutt den 23. april.

– Eg har vorte litt meir realistisk med åra. Om kneet kjennes bra ut, bør eg klare å kome meg under 50 minutt, seier Eirik.

Eit løp for alle

På spørsmålet om korleis han synest Sentrumsløpet har utvikla seg gjennom alle desse åra, seier han at det tidlegare i stor grad var eit løp for eliten medan det no har vorte eit løp for alle.

– Tidlegare var det mange kjente, store løparar som var med. Vi hadde namn som til dømes Steve Ovett på startstreken, medan det no er utruleg mange heilt vanlege mosjonistar. Sentrumsløpet har vorte eit svært populært og stort arrangement, seier Eirik som set pris på at Sentrumsløpet har vorte eit løp for breidda.