Skip to main content

Tips til gjennomføringa

Mitt første løpsarrangement – hjelp!

Disponer godt: Det er lurt å ikkje springe for fort ut frå start. Då har du krefter til å gi på litt ekstra mot slutten av løpet. (Foto: Samuel Hafshal)

Er ASICS Sentrumsløpet ditt første løpsarrangement? Då vil vi gi deg nokre tips her.

Av ASICS Sentrumsløpe

For det første, gratulerer med å ha meldt deg på ditt første løp! Du er kanskje litt spent, og det er naturleg. Vi skal her informere litt om korleis det er å delta på eit løpsarrangement – både før, under og etter løpet.

Veka før løpet

I starten av veka kan du gjerne køyre på med ei hardøkt, viss du vil. Men dei siste to–tre dagane inn mot løpet er det kanskje nok å halde deg i bevegelse, kanskje leike litt med farta utan å få mjølkesyre. Dagen før bør vere ein dag for avslapping – det er i alle fall lurt å ikkje trene hardt denne dagen.

Det kan vere lurt å teste på førehand kva type mat, kor mykje og kor lang tid føre trening/løp du bør ete. Viss du til dømes ofte spring om morgonen, kan det vere lurt å springe nokre gonger på tidpunktet for løpet (kl. 15.30 viss du spring 10 km og kl. 17.15 viss du spring 5 km) og vurdere korleis kroppen kjennest og korleis du bør planlegge matinntaket den 27. april.

Kva type klede du føretrekk, er også lurt å teste før løpsdagen. Det er ein tommelfingerregel at det helst skal vere litt kaldt å berre ha på løpekleda før du set i gang, slik at du ikkje blir overoppheta når du har starta å springe. Likevel er det veldig forskjellig frå person til person kor mykje klede ein føretrekk å ha på.

Startnummerutdelinga opnar onsdag 24. april kl. 16.00. Det er ope på torsdag og fredag heile dagen og laurdag heilt fram til løpet. Viss du bur i/nær Oslo, anbefaler vi at du hentar startnummer før løpsdagen. Då er det truleg mindre kø (i alle fall i arbeidstida), og du er meir fleksibel på løpsdagen. På startnummerutdelinga er det ein såkalla ASICS Expo der du kan kjøpe ASICS-sko og -klede. Her får du også t-skjorta di, som du kanskje vil ha på deg på løpsdagen? Du får informasjon på SMS og e-post frå oss om henting av startnummer som du viser til dei frivillige på startnummerutdelinga.

På dagen

Kle deg etter vêret og hugs solkrem viss det er sol.

Hald deg gjerne i bevegelse og ikkje sitt stille timen før løpet. Sidan løpet ikkje er før på ettermiddagen, kan du fint gå deg ein tur om morgonen for å få i gang kroppen. Hugs å drikke jamt med vatn gjennom dagen.

Viss du ikkje har fått henta startnummer på førehand, bør du gjere dette i god tid før løpet – det kan bli kø mot slutten, og vi kan ikkje garantere at du rekk det dersom du møter opp rett før.

Når det gjeld mat, kan det altså vere veldig variabelt kva som fungerer for magen din. Viss du framleis er veldig usikker, bør du i alle fall sørge for å ikkje ete for mykje og heller ta med deg ein energibar eller banan du kan ete rett før løpet viss du føler for det.

Det er mest hensiktsmessig å møte opp i kleda du skal springe i og ta med deg ein liten sekk med skifteklede, eller overtrekksklede dersom du skal rett heim etter løpet. Vi har klesoppbevaring i Universitetsgata, men det aller enklaste er å få ein venn til å ta vare på kleda dine. Det er truleg litt kø der både rett før og etter løpet, og dersom du kan kaste jakka di til ein venn rett før start er det kanskje det beste. Hugs å avtal kvar de skal møtast etter løpet – det er mykje folk på Karl Johan denne dagen. Eventuelt, dersom du har eit lite løpebelte med plass til mobil, kan du ha med denne på løpet.

Løpet nærmar seg, og det er lurt å halde seg i bevegelse, vandre litt rundt. Når det er 30–45 minutt igjen til start bør du varme opp. Still deg opp i puljen din. Puljane er sette opp etter estimert tid, som du registrerte ved påmelding. Det er ikkje farleg om du står i feil pulje – tida blir registrert på ein chip i startnummeret ditt – men det blir mest flyt i løpet om du spring med dei som satsar på same sluttid som deg sjølv.

Viss du har behov, kan du henge deg på fartsholdarane våre. Dette er altså løparar som skal halde ei viss tid (40 min, 45 min, 50 min, 55 min og 60 min), og du kan følgje dei dersom ei av desse sluttidene er målet ditt. Harane kjenner du igjen ved at dei har på seg ein vimpel på ryggen med sluttida på.

Du kan bli litt gira av folkemengda – ikkje la deg stresse – nyt folkelivet – få med deg sjåverdigheitene og kos deg 😉

Nokre tips til løypa

Ikkje ta for hardt i på starten av løpet! Slottsbakken er faktisk overraskande tung. Dersom du spring 10 km går løypa slakt oppover heilt til du er på toppen av Frognerparken. Her kan du starte med å sleppe deg laus og forsøke å kvile litt medan du langar ut nedover mot Bygdøy allé. Her møter du ein 500–600 meter bakke oppover til Frogner kyrkje før du spring nedover til drikkestasjonen rett før Solli plass.

Viss du spring 5 km, slepp du vegen opp til Frognerparken, men spring ned Oscarsgate, slik at du kjem inn i løypa ved Solli plass.

Herifrå er det likt for begge distansane og berre 3 km igjen – hald tempoet oppe. Løypa går vidare ned til Rådhusplassen før du skal ut ein runde på Vippetangen til du kjem til den siste kilometeren inne i kvadraturen. Dei siste 200 meterane spring du i Karl Johan framfor folkehavet. Her vil du få energi til ein aller siste innspurt.

OBS! Ikkje la deg lure av ASICS-portalen på Egertorget, målgang er 150 meter lenger nede, utanfor Grand Hotel.

Etter målgang

Etter målgang får du medalje, banan og drikke. Når du har kome deg til hektene, kan du hente tinga dine i klesoppbevaringa (eller hos vennen din). Du får SMS om tida di, og resultatet kjem også opp på heimesida vår.

Ta gjerne turen vidare innom Kaffistova for en velfortent mat og drikke! Nyt rushet etter å ha fullført ditt første løp og ikkje bli skuffa om sluttida blei dårlegare enn håpa – det er mange faktorar som speler inn – eller kanskje du overraska deg sjølv?

Sjå artikkelen om deltakarinformasjon i magasinet, og følg med på heimesida vår for oppdatert informasjon når løpet nærmar seg.

Lykke til!