Skip to main content

Populært: Norlandia Sentrumsløpet er eit populært tiltak som aktiviserer svært mange barn kvart år. (Foto: Samuel Hafsahl)

Norlandia Sentrumsløpet for barn 

Med om lag 800 påmelde barn i fjor håpar vi på 1000 påmelde til årets Norlandia Sentrumsløpet for barn i år.

Under ASICS Sentrumsløpet 27. april kan heile familien få vere i aktivitet! Dei mellom 3 og 11 år kan delta på Norlandia Sentrumsløpet for barn, medan dei vaksne kan velje mellom 5 og 10 km i ASICS Sentrumsløpet. 

Dagen startar med aktivitetar for ungar frå kl. 12.30 i Spikersuppa. Der stiller Norlandia barnehagane, Right to Play, Kiwi og Zuccarellostiftelsen med aktivitetar for barn både før og etter løpet.

Møt på startstreken ved Universitetsplassen litt før start. Den første gruppa startar 13.30 og dei påfølgjande gruppene få minutt etter. Barna stiller i tre aldersklassar: 3–5 år, 6–8 år og 9–11 år, og vi startar med dei yngste. Løypa er om lag 600 meter for dei yngste og litt lenger for dei eldste: Dei yngste spring rundt Spikersuppa, medan dei litt eldre får ei ekstra sløyfe opp Karl Johan langs Stortinget. Dei som ynskjer å springe med foreldre, får sjølvsagt lov til det. Alle får medalje når dei kryssar målstreken. Vi tar ikkje tida, her fokuserer vi på aktivitetsglede!

Dersom det også er foreldre som skal delta på 10 km eller 5 km, har de tid til å sette dykk på ein kafé eller restaurant i mellomtida. Vi kan t.d. anbefale Kaffistova som er ein barnevenleg plass med god mat og drikke.

Allereie i 1987 blei det første barneløpet arrangert, og deltakartalet har vore varierande. I 1994 var det over 2000 barn som sprang, og dette er truleg rekorden. Det siste tiåret har det vore mellom 250 og 600. I 2023 vart det om lag 800 påmelde, og vi satsar på å sette rekord med 1000 barn. Vi ser at det er interesse for løpet og vil gjerne ha mange deltakarar, men dersom deltakartalet aukar dei neste åra, legg vi kanskje opp løpet på ein annan måte – det er viktig for oss at dette er eit trygt og fint arrangement som ikkje blir overveldande for barna som deltar.

T-skjorta i år er grøn med oransje skrift. Barneløpet har ein eigen logo som er på T-skjorta, i tillegg til BUL-logoen. T-skjortene er i storleikane 104, 116, 128 og 152. Vi kan ikkje garantere at du får rett storleik, men vi skal sjølvsagt prøve.

Til medaljen plar vi å velje eit bilete frå fjorårets løp. Denne gongen er det oversiktsbilde av starten med slottet i bakgrunn. Baksida er pryda av logoen til BUL. 

Det kostar kr 200 å delta, og då er sjølvsagt T-skjorte og medalje inkludert. Startnummer og T-skjorte til Norlandia Sentrumsløpet for barn hentar du på same stad som andre startnummer: i Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8. Vi anbefaler at de kjem innom onsdag (16.00–20.00), torsdag eller fredag (11.00–19.30) då vi ventar kø på løpsdagen. Men dersom du vil kome innom 27. april, opnar vi kl. 10.30.

Merk: Tidspunkt og andre detaljar kan ha endra seg etter denne artikkelen blei skrive. Sjekk heimesida vår for oppdatert informasjon.

Foto: Samuel Hafsahl