Skip to main content

Løpsarrangering under ein pandemi:

Opplevde det som trygt å delta

Kondis har vore i kontakt med tre som sprang Sentrumsløpet i fjor, som alle opplevde det som trygt å vere med. Det lovar godt for årets arrangement.

Tekst og foto: Marianne Røhme

Sentrumsløpet i fjor vart gjennomført med strenge smittevernreglar for å sikre best mogleg vern for deltakarane. Likevel kan det vere at nokon ikkje kjente seg trygge under arrangementet. Kondis har difor vore i kontakt med tre av dei som deltok på 10-kilometeren i fjor, for å høyre deira oppleving av arrangementet.

Pål Simonsen

Pål Simonsen var trenar for Berna Marie Sommerseth (biletet) fram mot Sentrumsløpet i fjor. Her spring dei i skogen ved Nordbytjernet ved Jessheim.

Pål er svært godt nøgd med løpet sitt i fjor.

– Det ga ei utruleg god kjensle å vere med i løp igjen, og eg er svært nøgd med berre å ha tre sekund opp til pallplass i min klasse, seier Pål som sprang på tida 40.12.

Han skryt av gjennomføringa av arrangementet.

– Det var eit flott arrangement med klar merking for inngang, utdeling av startnummer og utgang. Rettleiarane og arrangørane var blide og trivelege. Det var lett å halde avstand til dei andre, og det var rask sjekk av koronapass. Eg har berre gode ting å seie om gjennomføringa. Eg kjente meg trygg, og det var godt å delta i løp igjen, seier han og legg til at dersom han får fri frå jobb den 23. april, så skal han stille opp i år òg.

– Eg ser på Sentrumsløpet som eit av dei betre løpa i Noreg, seier Pål.


Marit Tørstad

Marit Tørstad er ein av trenarane på Kondistreninga Oslo. Her er ho fotografert etter målgang på eit virtuelt løp ho sprang på Lillehammer då trenarane hadde seminar der i mai i fjor. Marit var nøgd med prestasjonen og det måtte forevigast med ein selfie.

Marit kom på tredjeplass i klassen sin med 46.15 i Sentrumsløpet i fjor og var òg svært godt nøgd med den prestasjonen.

– Det var utruleg morosamt å vere med i eit ekte løp igjen i ei tid då så mykje hadde vore avlyst. Eg syntest òg at arrangementet var svært godt organisert med mange puljar. Det vart ei god oppleving på mange måtar, seier ho.

Marit skulle gjerne vore med i år òg, men skal på ferie akkurat då og får det ikkje til.

– Eg satsar på å kome sterkare attende til neste år, seier ho.


Kim Borge Kolstad

Kim Borge Kolstad er ASICS Frontrunner og svært godt kjent med Sentrumsløpet kor ASICS er hovudsponsor. Han har vore med mange gonger og stilte òg til start i fjor haust.

– Eg er svært godt nøgd med korleis arrangøren hadde ivaretatt smittevernet. Det var eit godt organisert arrangement på alle måtar, seier Kim som gleder seg til å stå på startstreken saman med likesinna igjen i eit så stort arrangement som det Sentrumsløpet er.

–  Det var fint å kunne passere ei fysisk mållinje og ikkje berre virtuell målgang, fortel han.

Sentrumsløpet er det løpet kor Kim aldri blir heilt nøgd.

– Dette er ein litt krevjande 10-kilometer der vi må rekne med å bruke litt meir tid enn i andre løp. Sjølv om eg har ein pers på under 40 minutt, har eg som mål å springe rett under 41 minutt i Sentrumsløpet, seier Kim og legg til at han synest at Sentrumsløpet like mykje er ein slags kickoff for sesongen som ei skikkeleg samling for løparar og treningsglade menneske.