Skip to main content

Sjukt spreke 30-åringar stiller til start på ASICS Sentrumsløpet

Aktiv: Maria Ween likar å vere aktiv, og set stor pris på ein fjelltur innimellom. (Foto: privat)

Gruppa «Sjukt sprek» stiller med 14 deltakarar til start på Sentrumsløpet 27. april. Målet er å ha det moro saman, bygge meistringskjensle og springe frå kreften.

Nøgd gjeng: Det gir eit godt samhald å delta på Sentrumsløpet gjennom Sjukt sprek. Her frå venstre bak: Ane Celine, Kyra, Anniken, Mari, Marie. Foran: Erik André og Martin. (Foto: privat)

Av Mari Ween

Etter langvarig kreftbehandling er det få ting som gir meg same fridomskjensle som det å springe opp det som blir opplevd som uoverkomelege motbakkar, og så stå på toppen – vel vitande om at kroppen meistra kvart bidige steg og kvart innpust og utpust.

Eg har innimellom fått sterke smerter og fatigue (utmatting) ved aktivitet, og som følge av dette følt meg innelåst i kroppen min. Dessutan har eg kanskje til tider opplevd ei slags kjensle av å bli «straffa» av eigen kropp for å håpe og drøyme for stort. På dei verste dagane har det vore som om eg har sprunge ein evig motbakke, utan å sjå noko til toppen.

Det å leve med eller etter kreft kan sjåast som det eg tidlegare har uttalt som ein slags ekstremsport (Ung kreft, 30. mai 2023). Du må porsjonere kreftene dine, prioritere hardt, tole smerte og vere tolmodig. Dette medfører innimellom kanskje også ei kjensle av håplausheit og einsemd.

Treningsgruppe i regi av «Ung kreft»

Heldigvis finst Sjukt Sprek, som er ei treningsgruppe i regi av Ung Kreft der deltakarane har eller har hatt kreft. I denne gjengen har eg funnet ei unik blanding av ha menneske som heiar på og deler seierar med kvarandre, og som har eit genuint samhald både på trening og utanfor. I år er vi 14 stykk som er påmeldt Sentrumsløpet. Gruppa består av ei god blanding av litt crazy og gira menneske med liknande opplevingar og erfaringar i ryggsekken – klare for å springe opp nye vegar og nye motbakker. Denne gongen med ein annan styrke og motivasjon enn tidlegare, til å handtere og utnytte den ufrivillige kreft-sekken på ryggen.

Seig og tung start
Illustrerande nok startar Sentrumsløpet med ein seig og tung motbakke. Å stå på startstreken med sommarfuglar i magen både for eigen og andre sin del er ei fantastisk kjensle, vel vitande om at vi spring i flokk, og at vi har ei felles forståing for kva det kostar å springe opp motbakkane og nå toppen.

Sentrumsløpet gir oss moglegheita til å tørre å satse på oss sjølv – håpe og drøyme, utfordre grenser og feile, og ikkje minst å stå saman i kvarandre si utvikling og meistring. Anniken (deltakar) seier: «For meg gir desse løpa ei ekstrem meistringskjensle, noko eg aldri kunne fått utanom Sjukt Sprek». Kyra (deltakar) påpeker viktigheita av å få verktøy til å ta kroppen tilbake og slik få vere ein del av verda igjen. Om Sentrumsløpet seier hun at ho finn glede i «å bli sett av fremmande som frisk. Der og då føler eg meg så frisk!» Ane Celine (deltakar) beskriv Sjukt Sprek som ein fristad – både fysisk og mentalt.

Eigen trenar

Vi har ein dyktig trener (Martin, Aktiv-Instruktør) som har eit falkeblikk på individuell tilpassing og tilrettelegging. Hittil i år har fokuset vore på skadeførebyggande styrke (innandørs) mot løping, og etter kvart når vêret tillèt det, vil det bli løpetrening ute. Bakkane opp til Slottet og stiane gjennom Slottsparken er å føretrekke då. Martin (trenar) påpeiker at det å delta i løp ikkje handlar om prestasjon (tidsmål), men om å få erfaringar med kva kroppen toler igjen, og at det skal gi meistringskjensle uansett om ein spring eller går. I tillegg understrekar han at alle i gruppa skal få delta, uansett nivå og utgangspunkt.

Spring frå kreften

Eg drøymer om ein gong å springe langt. Samtidig prøver eg å minne meg på at det viktigaste løpet eg gjer framover er på eit vis løpet frå kreften i staden for å ha den hakk i hæl. På vegen gir Sentrumsløpet oss i Sjukt Sprek moglegheit til å gå samla i mål med ny erfaring og tryggleik i sekken, og ny styrke til å takle kommande motbakkar.

Det gir oss også moglegheit til å oppleve fridomskjensla av å nå toppane, enten det er snakk om eit hårete mål om å leve fritt med eller etter kreftbehandling, eller berre toppen av Slottsparken etterfølgt av nokon slakke bakkar ned til målgang i Sentrumsløpet.