DELTAKARINFORMASJON
Alt du treng å vite om ASICS Sentrumsløpet

Klar for start: No er det ikkje lenge igjen til startskotet for ASICS Sentrumsløpet går. Er du klar? Her finn du alt du treng å vite om løpet. (Foto: Samuel Hafsahl)
Tidsskjema
13:30: Norlandia Sentrumsløpet for barn
15:30: ASICS Sentrumsløpet 10 kilometer
17:15: ASICS Sentrumsløpet 5 kilometer
Startnummerutdeling
Stad: Teatersalen i Rosenkrantz’ gate 8:
Opningstider:
Onsdag 24. april – kl. 16:00 – 20:00
Torsdag 25. april – kl. 10:30 – 20:00
Fredag 26. april – kl. 10:30 – 20:00
Laurdag 27. april – ope frå kl. 10:30
Startnummera blir trykka når du hentar startnummeret, og dersom du ynskjer namnet ditt på startnummeret, må du difor ha registrert namn ved påmelding / legge inn deltakarinformasjon på MI SIDE før du hentar startnummeret ditt.
Mat og drikke
Kiwi serverer bananar & annan snacks etter målgang.
After run i Kaffistova med mat og drikke.
Det er drikkestasjon på Karl Johan til før start og etter mål (10 km og 5 km).
For 10 km er det òg drikkestasjon i Bygdøy Allé ved Hydroparken, etter ca. 6 km.
Her blir det servert både sportsdrikk og vatn.
Fartshaldarar
I 2023 var fyrste gong med fartshaldarar/harar på 10 kilometeren. Det blir også fartshaldarar i 2024
Dei har tidene 40, 45, 50, 55 og 60 minutt.
Klesoppbevaring
Klesoppbevaringa finn du i Universitetsgata.
Du blir her møtt med eit stort telt. Inne i teltet er det båsar fordelte på startnummer. Det er sjølvbetening og oppbevaring på eige ansvar, men vi vil ha vaktar til stades.
Bruk startnummeret ditt når du skal levere bagasjen din. Lever bagasjen med bagasjelapp. Bruk startnummeret ditt når du skal hente bagasjen. Prøv gjerne å ha så liten sekk/bag som mogleg.
Det er til tider kø i klesoppbevaringa. Har du en venn som kan passe på tinga dine mens du spring, vil du få dei raskare tilbake igjen.
Premiering
Dei tre beste totalt på 5 km og 10 km for begge kjønn får 5000, 3000 og 2000 kroner.
Premiar frå ASICS til alle klassevinnarar i høve til klasseinndeling. Premien henter du i Expo/startnummerutdeling, hvor du viser til mottatt SMS.
After run
Vi gjentar fjorårets suksess, og hos Kaffistova kan du etter målgang kjøpa burgar (kjøtt, kylling, vegetar) eller cæsarsalat og drikke etter løpet.
For bestilling av bord, ta kontakt med leiarkaffistova@bondeheimen.co
Seeding 10-kilometer
Om du forventar å springe fortare enn 31 minuttar for menn eller 35 minuttar for kvinner, kan du bli seeda. Førespurnad om seeding kan sendast til sentrumslopet@bul.no.
Komme seg til ASICS Sentrumsløpet
Vi anbefaler at du unngår å bruka kollektivtransport for å kome deg til ASICS Sentrumsløpet, så framt det lèt seg gjera.
Buss og trikk blir påverka av Sentrumsløpet, medan T-banen går som normalt heile dagen. Sjekk ruter.no sin reiseplanleggar for detaljar.
Behov for ledsagar?
Viss du har behov for ledsagar, kan du sende ein e-post til sentrumslopet@bul.no. Vi ønskjer å best mogleg legge til rette for at alle skal kunne delta på ASICS Sentrumsløpet, og ledsagarar får sjølvsagt gratis start.
Overnatting
Vi vil anbefale Hotell Bondeheimen for overnatting i samband med ASICS Sentrumsløpet.
Publikum
Publikum er hjarteleg velkommen til å sjå på og heie rundt omkring i heile løypa. Det er viktig at ein ikkje kryssar løypa utan å ha sett seg for eller når det kjem løparar. Hugs løparane har stor fart og kan ha vanskar med å sjå deg.
I dagane i forkant av løpet er det pop-up-store frå XXL og ASICS med gode tilbod i Rosenkrantz gate 8.
På arrangementsdagen vil det i spikersuppa vera samarbeidspartnarar med opplegg til store og små. Slå gjerne av ein prat med desse.
Lisens
Alle som fyller 13 år eller eldre som deltek i konkurransar i regi av ein friidrettsklubb i Noreg, må løyse lisens. For meir informasjon om lisens, kan du sjå hos Friidrettsforbundet. Spørsmål som gjeld lisensordninga kan rettast til lisens@friidrett.no.
Påmelding
Startavgifta til Asics Sentrumsløpet er ikkje refunderbar, men du kan gi bort eller selje startnummeret til nokon du kjenner.
Generelle vilkår for arrangement av ASICS Sentrumsløpet.
Hugs å endre distanse, forventa sluttid, e-post, mobilnummer og liknande. Dette gjer du ved å logge inn på MI SIDE.