Skip to main content

Velkomen til løpefest

Det blir liv og røre rundt i løypa og mykje moro i sentrum av Oslo under Sentrumsløpet den 27. april.

Av Marianne Røhme

Det kjem til å vere mykje underhaldning langs løypa.

– Koret Retro Singers står i Frognerparken, ASICS har alliert seg med Viqueens Cheerleaders som skal underhalde, og på Egertorget vil bandet Shady Collective spille i år som i tidlegare år for å nemne noko av det deltakarane vil møte, seier arrangementsansvarleg Simen Wifstad som vil arbeide fram mot arrangementsdagen med å bygge opp mykje liv langs løypa.

– Vi vil òg ha musikk på drikkestasjonane. I år vil vi i tillegg til den drikkestasjonen vi har brukt å ha, få ein til som skal vere for både dei som spring fem- og ti-kilometeren, seier han og legg til at dei kvart år ønsker å gjere nokre forandringar som skal løfte arrangementet.

Ingen Sentrumssprint i år

Dei siste åra har det vore arrangert ein Sentrumssprint på 800 meter opp Karl Johan. Den blir det ikkje noko av i år.

– Sentrumssprinten har vore for eliteutøvarar som eit underhaldningselement på dagen. Vi ønsker i staden å ha fokuset på dei som spring fem- og ti-kilometeren. Det at vi har tatt ut sprinten, gjer at vi òg kan flytte fram starten på desse distansane noko, og vi har søkt politiet om tillating til det, seier Simen.

Det vil vere fartshaldarar på ti-kilometeren på tidene 40, 45, 50, 55 og 60 minuttar. Om du har eit mål om å kome under ei av desse tidene, vil du kunne få god hjelp av fartshaldarane.

T-skjorte og medalje til alle som vil ha

På ASICS Sentrumsløpet vil alle som kjem i mål, få utdelt medalje. I tillegg vil alle som deltek, få tilbod om T-skjorte. Om du ikkje ønsker å ta imot denne, kan du hake av for det når du melder deg på.

– Det er òg T-skjorte og medalje til alle barna. Det kostar 250 kronar å melde på, og i denne prisen er det inkludert både medalje og T-skjorte, seier Simen som reknar med at det kjem over 1000 barn for å springe det 500 meter lange barneløpet.  

– Vi vil ha fleire arrangement for barna i Spikersuppa i tillegg til barneløpet. Det er ikkje heilt klart kva som vil skje enno, men tidlegare år har Norlandia barnehagane hatt sceneshow, Right to play har hatt hinderløype, mens Zuccarellostiftelsen har hatt andre aktivitetar, seier han.

Felles treningsøkter

Nytt i år er at vi har arrangert felles løpeøkter i forkant av løpet.

– Vi har hatt to treningar med Behandlerverket, og vi har hatt gjennomspringing av løypa med ASICS FrontRunners. Ei uke før start vil vi ha ei gjennomspringing til med Behandlerverket. Desse treningane er gratis og opne for alle, seier Simen.

Mot deltakarrekord

Det har vore stor interesse for ASICS Sentrumsløpet i år, og ifølge Simen er dei i rute mot rekorden i talet på påmeldte frå 2019 som var 12 500.  

– Vi reknar med å ende opp med rundt 12 000 påmeldte, men det kan fort bli fleire. Det kjem iallfall til å bli ei stor auke frå i fjor. Då var det 9696 meldte seg på, seier han.