Talet på tilsette i Sunrise Medical som har stilt til start i Sentrumsløpet, har auka dei siste åra. Fleire har begynt å trene etter at bedrifta begynte å organisere eigne turar til løpet.
HEILE BREIDDA: – Vi har med oss både tilsette som er heilt ferske med springing, og folk som er erfarne. Den raskaste frå Sunrise Medical i fjor var òg eldst. Det var Erik Fossum som sprang 10-kilometeren på 45.42 i klassen M60-64 år, seier ein imponert kundeservicemedarbeidar, Thomas Eriksen Sande, i Sunrise Medical, ei bedrift som produserer manuelle og elektriske rullestolar, scooterar og sittesystem.
Sunrise Medical ser på det å delta i Sentrumsløpet som eit positivt, helsefremmande og sosialt tiltak i bedrifta.
– Dette er på fleire måtar litt av bedriftshelsetenesta, både fysisk og psykisk. Det er eit tiltak for å auke den psykososiale trivselen på arbeidsstaden, og å fremme løpeglede og fysisk fostring. Ein kollega av meg, Elina Killa, uttalte eit år at Sentrumsløpet inspirerte henne til å jogge igjen etter mange år med pause, og at hun syntest det var gøy å oppnå nye mål i lag med hyggelege kollegaer, seier Thomas og legg til at mange synest det er stas å vere med i eit fellesskap av kollegaer som har gjort noko slikt saman.
– Det er unik teambuilding internt fordi vi har noko til felles gjennom løpet; vi har prestert og fortent den følelsen, og vi har tatt eit val om å yte før vi nyt, seier han.
Gjengen skal ha ei sosial samling rett etter løpet på Aker Brygge, og Afterrun-bankett seinare på kvelden som ei avslutning.
– Vi har ei veldig sjenerøs leiing ved Johan Brodd, som dekker både påmelding, hotell og bankett for deltakarane frå bedrifta, seier ein smilande Thomas.